1) Kva er 17. mai?
17. mai er Noreg sin nasjonaldag. 17. mai blir også kalla grunnlovsdagen.
Vi feirar 17. mai fordi Noreg fekk grunnlova si 17. mai 1814. Grunnlova er ei lov som inneheld viktige reglar om kven som skal styre Noreg, og korleis Noreg skal styrast.
2) Kva gjer folk på 17. mai?
Dette gjer folk i Noreg på 17. mai:
På 17. mai feirar vi at Noreg er eit fritt land.
Mange barn går i barnetog på 17. mai.
Dei fleste nordmenn pyntar seg på 17. mai. Nokon har på seg dress eller kjole. Nokon har på seg bunad. Bunad er tradisjonelle norske klede. Kvar region i Noreg har sin eigen bunad.
Mange barn et pølser og is på 17. mai.
På 17. mai ser vi mange norske flagg. Nokre stadar i Noreg brukar dei også samiske flagg på 17. mai.
Dei som er ferdige på vidaregåande har russefeiring på 17. mai og i vekene før 17. mai. Dei som er russ, har på seg raude eller blå russedressar.
Mange folk seier "Gratulerer med dagen!" eller "Hipp, hipp hurra!" på 17. mai.
På 17. mai syng folk Noreg sin nasjonalsong. Den heiter "Ja, vi elsker".
3) Lær nye ord om 17. mai:
eit norsk flagg
Vi ser mange norske flagg på 17. mai.
ein is
Mange folk et is på 17. mai.
ei pølse i brød
Mange folk et pølser på 17. mai.
kongefamilien
Kongefamilien vinkar til 17.mai-toget.
eit 17. mai-tog / eit barnetog
Mange barn går i barnetog på 17. mai. Mange folk går i 17. mai-tog på 17. mai.
eit musikkorps / eit skulekorps
Eit musikkorps går fremst i barnetoget.
eit samisk flagg
Nokre samar brukar samisk flagg på 17. mai.
Hugsar du desse orda?
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
4. Videoar om 17. mai
Video: Norske bunader
Noregs nasjonalsang: "Ja, vi elsker"
Video om 17. mai:
Av: Aschehougs læreverk "God i norsk 1" og "Norwegian Teacher Karin"
Video: Russefeiring i Bergen, Noreg
Video om Noregs grunnlov
5) Her kan du lære meir om 17. mai:
Yrkesnorsk: Om 17. mai, på nynorsk: https://yrkesnorsk.no/17-mai-nynorsk/
Denne sida er på nynorsk.
Bokmål?
Lær om 17. mai på Bomål på www.17.mai.Bnorsk.no!